Bjørneutstilling.

Den 17.04 åpner utstillingen: "Me har skote bjørnen" På Sunnfjord Museum". Dette er et samarbeidsprosjekt mellom de fire museene i Sogn og Fjordane.



Se mer informasjon om utstillingen på
Sunnfjord Museum.
Firda
Link til bildesamling  i Firda.

 
Takk til NaturExpo for konstruktivt sammarbeid.

Sitat fra siden til Sunnfjord Museum:

"Me har skote bjørnen!" var meldinga som kom over jaktradioen i Fjærland søndag 15.juni 2008. Det hadde vore jakta på bjørnen i fleire veker, media følgde med nesten frå time til time, og mange engasjerte seg i spørsmålet om jakt eller ikkje jakt. Denne unge hannbjørnen som streifa innom fylket hadde gjort store innhogg i saueflokkane, og sidan det ikkje er nasjonale verneområde for rovdyr i Sogn og Fjordane, var det lett å få fellingsløyve.  

Slett ikkje alle var samde i at dette var den einaste løysinga, men eit bananskal på Vetlebreen og fire skot frå treffsikre jegerar gjorde i alle høve ende på bjørnen.

Om Sogn og Fjordane ikkje ville ha ein levande bjørn, vart det straks meir attraktivt å ha ein daud og ufarleg bjørn. Drakampen gjekk først og fremst mellom interesser i kommunane Jølster og Sogndal, men Direktoratet for naturforvaltning valde å imøtekomme søknaden frå dei fire kulturhistoriske musea i fylket, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kystmuseet, Nordjord Folkemuseum og Sunnfjord Museum. Direktoratet la til grunn at musea er gode arenaer for informasjon og at ei vandreutstilling med utgangspunkt i bjørnejakta i 2008 vil nå mange.

No er vandreutstillinga klar, og ho har sjølvsagt fått namn etter meldinga på jaktradioen 15. juni 2008: "Me har skote bjørnen!"

Monica Landøy i Florafauna har hatt den utfordrande oppgåva å stoppe ut bjørnen, - som mange vil hugse frå ei mediesak sist haust ligg han slik han vart fotografert på Vetlebreen.

Rundt dette har dei fire musea samarbeidd om å lage ei utstilling som tek føre seg mange sider ved temaet bjørn, og både den naturhistoriske og kulturhistoriske dimensjonen er med, slik som biologiske fakta, korleis han lever gjennom fire årstider, forvaltning og konflikt, menneska sitt forhold til bjørn og ikkje minst bjørnehistoriar frå Sogn og Fjordane. Dei er det mange av! Eit stort tal handlar om dramatisk jakt og modige jegerar, minst like mange handlar om bjørn som går etter gravide kvinner, nokre handlar om bjørn som oppfører seg som menneske - eller omvendt om menneske som går i bjørneham.

Utstillinga er bygd opp med tekst- og fotobanner, gjenstandar, temahefte og digitale forteljingar. Det er lagt vekt på balansert og sakleg framstilling slik at publikum skal kunne gjere seg opp og gje uttrykk for eigne refleksjonar og haldningar. Dei minste kan legge puslespel, teikne - eller høyre bjørneforteljingar i spennande telt.

Formidling til skulane har hatt stort fokus gjennom heile produksjonen, og det er utarbeidd alderstilpassa opplegg for 1.-10.klasse.

Dette er ei utstilling for alle, store og små, og vi trur dette fellesprosjektet der natur og kultur er integrert med utgangspunkt i ei samtidssak vil engasjere!

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har støtta utstillinga økonomisk.

Bjørnen har første stopp på Sunnfjord Museum, seinare vandrar han vidare til musea på Kaupanger, på Sandane og i Florø.

Velkommen til utstilling om bjørn!