Biologisk Mangfold på Handelshuset.

Biologisk mangfaldutstilling i Naturmangfaldåret 2010

Laurdag 4. desember kl. 10:00 til 16:00, Skywalken, Handelshuset, Førde.




Naturvernforbundet og Miljøagentane i Sogn og Fjordane markerer Naturmangfaldåret på Skywalken i Førde, laurdag 4.desember. 2010 er utpekt av FN som internasjonalt år for biologisk mangfald og Miljøverndepartementet har hovudansvaret for Naturmangfaldåret i Noreg. Med presentasjon av den fantastiske utstillinga til Monicha Landøy, ynskjer vi å invitere til markering av Naturmangfaldåret i det vi går inn i årets siste månad.

Utstillinga har vert på vandring rundt om i Noreg på museum, skular og barnehagar i to år, og responsen frå publikum og utstillingsstadar har vært overveldande.

Førstkommande laurdag tek Monicha utstillinga med til Handelshuset i Førde for å vise og fortelje om det Biologiske Mangfaldet. Utstillinga blei laga i Florø for to år sida og mange var med å ga dyr og anna dei hadde funne til prosjektet. Etter ein reportasje på radioen fikk ho inn mykje nytt, men de eldste dyra er frå slutten av 70 talet. Mange av objekta har Monicha samla inn frå ho var i 7 års alderen. Ho hadde allereie då settekasse med skjell, sniglehus, fine steinar, kongler, fjær, knoklar og anna rart som ho fant i naturen. Monicha er i dag taxidermist og stoppar ut alt av organisk materiale. Dyra som vi ser i utstillinga er ikkje blitt drepne for å nyttast til utstilling, men har lidd ein naturleg død. Utstillinga består av preparerte dyr og deler av dyr, og er laga slik at ein kan halde objekta i handa. Monicha har eit lidenskapleg forhold til naturen og arbeidet sitt, og ynskjer med utstillinga at barn skal få interessa for alt det spennande, rare, mystiske og vakre som vi har rundt oss både i havet, i skogen og på fjellet. Det blir spørsmålskonkurranse til utstillinga med fine premiar.

Naturvernforbundet (NVF) har fått midlar til utstillinga gjennom Fylkeskommunen sine Lokal Agenda midlar. Miljøagentane har ”Miljøsti” og viser filmen Selen Selmer som tar oss med på ei reise under vann. NVF har stand under utstillinga med fokus på arbeidet for å ta vare på livet i fjorden. Dette har vore NVF si hovudsak de siste par åra, særleg med tanke på planlagt gruvedrift i Vevring. Det vil bli sal av de økologiske bærenetta ”La fjorden leve” med motiv av Oddvar Torsheim . I tillegg er Førde sykkelby ei prioritert sak lokalt, og NVF har etablert ei eiga prosjektgruppe for å auke trykket på planarbeidet for gode sykkel løysingar. Vi treng nye medlemmar og fleire støttespelarar i arbeidet. Besøk utstillinga og vår stand på Skywalken på laurdag!

Lin Hjelmeland. Miljøagentene.