15.06.12
Utstilling på plass på Florafauna- Byakvariet.

Da er Biologisk Mangfold utstillingen på plass her på Florafauna- Byakvariet så da er vi klar til Sildebordet. I år skal den være åpen slik at en kan ta og kjenne på alt det rare i kassene. Alle vel møtt innom oss.



Veldig kjekt med fine tilbakemeldinger fra skoleturneen i 2011/ 2012:

Kaupanger Skule.

Utstillinga har vorte veldig godt motteken på Kaupanger skule. Dei fleste klassane på skulen (1 – 10) har brukt utstillinga. Svært bra at elevane fekk ta på deiulike tinga! Flott med informasjon fastlimt på platene, og at ein kunne ta dei opp og sjå på dei. Såørsmåa passa godt til aldersgruppa dei var meint for. Det må være eit kjempearbeid å lage til, men mange ungar har fått ei flott oppleveing!

Vi tek gjerne mot utstillinga fleire gonger.

Haugen Skule.

Utstillinga vart veldig godt motteke av både dei vaksne og små på skulen. Alle klassane på skulen fekk sett på utstillinga. Elevane tykte det var veldig kjekt å sjå, ta på og lese dei ulike minerala, dyra og plantane som var med. Det var veldig flott at gjenstandane var fastlimt til ei plate med informasjon på. Det var lett å legge på plass att sidan alt var så godt merka. Filmen om Selen Selmer likte alle godt, og den var en fin illustrasjon før ein gikk for å sjå på utstillinga. Vi vil gjerne ha vitjing av utstillinga fleire gonger.


Stårheim Skule

Vi nytta utstillinga i alle klassetrinn. Dei eldste brukte spørsmålsarka, dei minste fekk presentert nokre spørsmål på kvar monter som dei svarte på munneleg.

Dei minste starta med biletpresentasjon. Her måtte vi ta pause fleire gongar undervegs, kommentarane kom i bøtter og spann. Etterpå såg vi filmen om Selen Selmer. Fin introduksjon.

Det var stort engasjemang, hektisk og kjekt. Vi tar gjerne imot denne utstillinga fleire gonger. Den er flott tillaga.  

Aurland barne- og ungdomsskule.

Me fekk utstillinga helt på tampen av skuleåret. Me har difor ikkje fått sett av nok tid til førebuing og gjennomføring av opplegga. Men dei klassane og lærarane som har nytta utstillinga er veldig begeistra. Aurland barne- og ungdomskule ønskjer å ha ustillinga på nytt, men då slik at me kan planleggja på førehand.