Gratis inngang på Florafauna- Byakvariet i 2012 for barneskoler i Flora kommune.
07.12.11

Det er med stor glede jeg nå kan innvitere alle barneskoler i Flora kommune til akvariet i løpet av vinteren/ våren 2012.

Årets julegåve til barneskulen i Florø kommune!

Miljøagentane og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har sidan de fikk sjå Biologisk mangfald utstillinga til Monicha Landøy i 2007, jobba for at flest mogeleg skal få oppleve den! Miljøagentane og Naturvernforbundet har brukt utstillinga ved alle aktuelle arrangement  frå 2008 til 2010.

Våren 2011 fikk vi støtte frå  Naturfagsenteret  til eit pilotprosjekt med å få utstillinga ut i barne og ungdomsskulane i fylket som ein del av arbeidet med ”Den Naturlige skulesekken”. Responsen var så bra at vi i skuleåret 2011/2012 har fått nye midlar frå Naturfagsenteret og Fylkeskommunen sine Lokal Agenda 21 midlar. Mange skular har fått besøk og fleire står for tur.

Bring Logistikk har gjort ein fantastisk jobb med å transportere utstillinga rundt frå skule til skule utan kostnad for oss. Dette har medverka til at den støtte vi har fått frå Miljøagentane sitt hovudkontor, til å koste transporten frå skule til skule, står unytta mot årsskiftet. Miljøagentane ynskjer å takke Bring Logisktikk for støtte til prosjektet og ynskjer å bruke tildelte midlar til å dekke for at alle barna i barneskulen i Florø kommune, får fri inngang til akvariet i 2012. Slik når vi ut til endå fleire barn med det arbeidet Monicha Landøy har lagt ned i å vise oss kor fantastisk naturen er og kor viktig det er å ta vare på den for kommande generasjonar. 

Miljøagentane og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ynskjer barna i Florø til lykke med årets julegåve og håpar den vil bli til stor glede for elevar og lærarar i året som kjem! 


Lin Hjelmeland Finjord

- Leiar for Miljøagentane i Sogn og Fjordane -